Trio Alde er tre av Norges mest fargesterke folkemusikere: Berit Opheim (sang), Jorun Marie Kvernberg (feler, sang) og Gabriel Fliflet (trekkspill, piano, sang).
Trio Alde spenner opp et vidt musikalsk lerret, fra stille nynning og blåtoner til energisk driv og dansetakt. Du får både høre Berit Opheim i sublime ornamenter og alle tre i livfull, flerstemt sang. Du får høre tradisjonelle folkesanger- og melodier, men også musikk laget av Jorun Marie Kvernberg eller Gabriel Fliflet. De har tonesatt diktere som Jan Magnus Bruheim, Jon Fosse og Kjartan Fløgstad. Her er eventyrlige historier, naturlyrikk og voggesanger – sanger som går sine egne stier. I løpet av konserten får du også høre rykende instrumentalmusikk, slynget ut av belg og bue.
Trio Aldes motto er Lengting, liv og song!
For egen regning kan Husfolk legge til at denne konserten vil du ikke gå glipp av!
Enhver konsert med Gabriel Fliflet får deg til å kjenne på musikalitet, varme, humor, hjemme-hos-følelse og generell livsglede! Og når han i tillegg har med Berit Opheim og Jorun Marie Kvernberg blir dette fantastisk!
Trio Alde kommer til Eurytmisalen 17. november.
Dørene åpnes kl. 18 – suppe og servering så langt det rekker.
Konsertstart kl. 19.
Billetter 250/100.
Forhåndskjøp gjerne billetter hos Tikkio!
Eller kjøp når du kommer (kort/kontant).
Berit Opheim frå Voss er vokalist i særklasse. Ho er ein av landets beste folkesongarar og tradisjonsberarar, men ho har òg briljert som Nattas dronning i Mozarts Tryllefløyta og trollbunde Carnegie Hall med tidlegmusikk i Trio Mediaeval. Berit har vunne ei rekke prisar, og blei nominert til Nordisk Råds Musikkpris i 2023. Ho har samarbeidd med ei rekke framståande musikarar innan både folkemusikk, jazz, barokk, samtids- og klassisk musikk.
Jorun Marie Kvernberg kjem frå Fræna i Romsdal, og er ein felespelar med glød — både på vanleg fele og på hardingfele, der ho er blant dei beste i landet. Ho spelar òg ei rekke andre instrument – og syng! Jorun Marie har vore ei drivkraft i folkemusikkgruppene Majorstuen, Tindra og Kviven duo. Ho er ein produktiv komponist i vise- og folkemusikkstil, og har vunne mange prisar.
Gabriel Fliflet er bergensar, og ein musikar og musikkmakar som boltrar seg i mange folkelege musikktradisjonar. Mange kjenner han som trekkspelar og noko ustyrleg vokalist i duoen Fliflet/Hamre. Gabriel har samarbeidd med Berit sidan slutten av 1980-talet, og med Jorun Marie sidan 2012. Fliflet har komponert verk til m.a. Festspillene i Bergen og Vossajazz, og tidlegare tonesett forfattarar som Jon Fosse, Ragnar Hovland og Robert Burns.
Ordet alde kan tyde to ting:
I alde: stor havbåre, dønning II alde: hagefrukt