Spelejenta er eit eventyr om ei synsk, felespelande jente. Spelejenta ser i handa si at faren har stranda og sit forkomen på ei øy. Ho tek fela med seg og legg ut på ei ferd for å finne og trøyste han. Ho møter mange utfordringar på vegen, og då blir fela god å ha med. Spelejenta er ei magisk, vakker og underfundig forteljing for ung og gammal, formidla gjennom musikk, dans og skodespel av Anne Heidi og Sivert. Anne Heidi Kvam Hillestad er dansar, songar og skodespelar og Sivert Holmen er utøvande og skapande musikar på hardingfele, og dei er båe frå Valdres.
Regi: Silje Onstad Hålien
Vi i Husfolk synes det er stor stas å ha et stykke av nobelprisvinner Jon Fosse på plakaten!
Anne Heidi og Sivert kommer til Eurytmisalen 23. september kl. 18.
Gratis inngang for alle. Kom, kom!
Her kan du lese et intervju om prosessen fra bok til framsyning.