Røynstrand & Thorud – «SPELEMENN» – 10/5

Alexander Røynstrand er ein av landets fremste spelemenn på hardingfele. Han har vunne både Landskappleiken og Landsfestivalen, og sjarmert publikum både i inn- og utland i ei årrekke. Oppvaksen i spelemannsmiljøet i Hardanger har han tileigna seg solid tradisjonsmusikk, både slåttespel og runddansmusikk, av læremeisteren Knut Hamre og fleire..

Geir Thorud er frå Sel og har markert seg som ein av dei fremste spelemennene i Gudbrandsdalen, og han trakterer både trekkspel, toradar og kontrabass. Han er medlem i fleire av landets fremste gamaldansgrupper, slik som Jutullaget, Syvers og Gamlebanken.

Desse to karane byr på god musikk, men også godt humør. Dei som møter opp i gamlehuset hos Husfolk denne søndagskvelden, vil garantert få med seg nokre saftige anekdotar og ei god dose tullprat i tillegg.

Sjå Alexander og Geir i samspel i denne minidokumentaren på NRK: https://tv.nrk.no/…/sesong/2023/episode/MKDU44000523

Som alltid er det suppe og servering så langt det rekker fra kl. 18. Kom tidlig og få med deg litt sosialt samvær også.

Hjertelig velkommen!

Konserten starter kl. 19.

Kjøp gjerne billett på forhånd hos Tikkio!